Herlig.net er då mi, Arve Systad si, vevsdagbok. Her skriv eg alt frå småting i dagleglivet til større og meir omfattande artiklar rundt spesielle emner. I mitt tilfelle blir det sannsynlegvis begge deler, og kva artiklane angår vil dei for det meste omhandle webdesign/webutvikling. Uansett, unntak er lovleg - dette er mi side og det er eg som bestem kva som havnar her og ikkje.
Eg er Arve Systad. Eg er født i 1987, og eg er vanvittig herlig - derav navnet på sida. Er glad i fine nettsider, semantisk (X)HTML, musikk, fine bilete og ein del andre ting. Ellers har eg mine eigne meiningar som eg likar å uttrykke om det følast riktig - sjølv om dei ikkje nødvendigvis alltid er det folk forventar av meg.
Herlig.net er beskytta av åndsverklova - respekter det. Inspirasjon er lov, både når det gjeld grafisk utforming og innhald, men kopiering vil eg ha meg fråbedt. Eventuell «ripping» vil bli behandla på den måten som passar best i det aktuelle tilfellet. Eg ser også at du helst seier i frå til meg dersom du har tenkt å bruke delar av mine tekstar og/eller kommenterer mine tekstar på eigne sider. Du kan dog linke til denne sida, til enkeltinnlegg eller kommentarar så mykje du vil utan å spørje meg først.
Eg forventar at kommentarane som vert lagt inn på herlig.net har ein viss relevans til posten dei har blitt skriven til. Usaklige kommentarar, samt kommentarar med støytande innhald vil bli redigert/fjerna utan å gi kommentarforfattar beskjed om dette. Kommentarar er også åndsverk, og dersom nokon skriv ein kommentar med innhald som er verdt/mogleg å kopiere ser eg helst at du spør kommentarforfattar om lov først.
Ta kontakt for utveksling av lenker.